søndag 7. februar 2010

Rolf Jacobsen: "Landskap med gravemaskiner"


Rolf Jacobsen (1907 – 1994) var kanskje Noregs største lyrikar, og ga ut diktet ”Landskap med gravemaskiner” med samlinga ”Hemmelig liv” i 1954.

Temaet i dette diktet er korleis vi menneske bryt oss inn i naturen, og gjer om fargerike område tilgrå asfalt. Jakobsen bruker språklege bilete for å framstille gravemaskinane som skapningar med augna i baken, og gir dei menneskelege eigenskapar som å ete og spytte. Han samanliknar skapningane med helvete - utan strupar, utan stemmeband og utan klage.

Midt i diktet bryt Jacobsen opp med eit kort avsnitt kor han trekkjer inn fuglar; andre skapningar som blir påverka av gravemaskinane sitt arbeid. - Eller bruker besjeling til å samanlikne gravemaskinane med fuglane. Som ein grådig pelikan som fyller opp nebbet sitt.

Diktet blei skrive i etterkrigstida da  gjenoppbyggingen av landet nærma seg ein slutt, men teknologien blomstra og utviklinga fortsette i høgste grad utan mykje omtanke rund naturen. Jacobsen ønskjer å formidle kva vi faktisk gjer med naturen, sett frå eit anna syn.

 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar